Skuffa Lustringar
- Eg må seie at eg vart svært skuffa over regjeringa sitt tilbod ved årets forhandlingar seier leiar i Hafslo Bondelag Claus R. Moe. Eg hadde rei naudsynt håp om noko meir, sett i lys av alle dei fine orda i landbruksmeldinga.
Saman med Jimmy Hilleren frå Veitastrond og Tormod Kjørlaug frå Indre Hafslo gjennomførste Moe ei markering av at inntektsnivået i landbruket må opp på kjøpesenteret i Sogndal i går. Dei selde mjølk til bondens pris, noko som syner at det er ikkje først og fremst bonden som stikk av med gevinsten i verdikjeda, det er det kjøpmennene på toppen av kjeda som gjer hevdar Moe. Skal vi sikre ein auka matproduksjon i tråd med det landbruksmeldinga legg opp til må inntektsnivået til matprodusenten styrkast i større grad enn det regjeringa legg opp til med gårsdagens tilbod avsluttar Moe.