I lokalavisa Fjordingen kan vi lese følgjande:  (Bileta har vi fått lov å låne av Inge Fænn som har skrive artikkelen)  

-Det har vore mykje entusiasme og mange gode tilbakemeldingar, sa dagleg leiar for Vest Landbruksteneste, Knut Gald, då han og Vigdis Valheim som har hatt ansvar for opplegget frå deira side, delte ut synleg prov til deltakarane på at kurset er gjennomført. Heile flokken var samla til avslutning på skulekjøkkenet tysdag, med saft, kake og ein god prat om det dei har vore med på.

Det er stor mangel på avløysarar i landbruket, og i fjor tok Vest Landbruksteneste  grep ved å gå til ungdomsskulane med tilbod om avløysarkurs som ein del av undervisninga.

-Raskaste ja kom frå Hornindal. Difor vart det også prøveprosjektet, og det var de som la malen for korleis kurset skal vere, sa Gald. Han hadde rosande ord både til Nils Paul Haugen som har vore den ansvarlege ved skulen, og Anna Othilie Hove, Ivar Børge Seljeset,  Oline Bruheim Løvlid og Pål Ruben S- Tomasgard, som har vore hjelparane kring i fjøsane.

Han retta også ei takk til bøndene som har vore vertar, og dei som har teke del i finansieringa av prosjektet. No går dei vidare i samarbeid med Stryn Ungdomsskule, og vona er at fleire skular fylgjer etter. I Hornindal har alle tre årskulla vore med, men vona er nytt kurs når det går nokre år.

-Med eit slikt kurs i botnen har de mange vegval vidare i utdanninga, sa Gald og lista opp mange løysingar frå bonde til veterinær. Hovudfokuset er interesse for dyr.

Medhjelparane hadde same tilbakemeldinga til ungdomane, som Gald. Dei har vore arbeidsvillige, positive og spørjelystne. Det siste er viktig om dei skal få meir kunnskap å kome eit steg vidare.

-Dei har teke utfordringane. Det er ikkje alle som vågar seg opp i bingen til ei purke på 200 kilo, sa Oline Bruheim Løvlid.

Sjølv dei som ikkje hadde vore i fjøsar tok det meste på strak arm, vart det sagt.

Dei nye avløysarane var ikkje spesielt pratande, men nikka og smilte på spørsmålet om det hadde vore kjekt. Dei hadde også ein kritisk merknad. Det var val av årstid. Rett nok fekk nokre vere med på å hente grisungar til verda, men dei skulle gjerne vore med når det var kalvingstid i fjøsane.

 

Det er også på gang kurs ved Stryn Ungdomsskule.  Det vert avslutta i mars. 

Rett og slett eit "GULLJEGODT" tiltak avsluttar Felde