- Ser svart på det
I forslaget til statsbudsjett 2017, foreslår regjeringa å endre jordbruksfrådraget frå kun å gjelde enkeltpersonar til også å omfatte aksjeselskap.
- Tenk at me skal måtte oppleve å høyre noko slikt. Det er eit angrep på familielandbruket, seier Nils Magne Gjengedal.
Styremedlemmet i Sogn og Fjordane Bondelag ser svart på situasjonen.
- I Norge har me tradisjon for familielandbruk, kva skjer om eit aksjeselskap skal inn å eige? Kva gardar får me då? Eg trur det blir store gardar i sentrale strøk, medan gardane i distrikta ikkje vil bli attraktive nok. Me som representerer distriktslandbruket vil tape. Det er heilt forferdeleg, seier Gjengedal.
Ser mørkt på forslaget
- Eg ser svart på heile forslaget.
Dette forslaget føyer seg inn i rekka av forslag og endringar frå regjeringa som skal gjere aksjeselskap til den mest føretrekte eigar- og driftsforma i norsk landbruk. I 2014 gav regjeringa aksjeselskapa utvida mogelegheit til å søkje produksjonstilskot, og med regjeringa sitt siste forslag om å uthola konsesjonslova kraftig, blir det lettare for aksjeselskapa å kjøpe landbrukseigedommar.
- Summen av forslag vil vera at me får nokre få eigarar, som sit på toppen og skal bestemme. Me går rett tilbake husmannsopplegget som var for 100 år sidan.
- Kva vil du gjere for å hindre at forslaget ikkje blir vedteke i det endelege statsbudsjettet?
- KrF har sagt at landbruk ikkje er til salgs. Om me klarar få med Venstre, det har me lukkast med før, så trur eg dette kan bli stoppa.