Saman med to andre gardar har Kleivland og kona Sigrid Ølmheim kjøpt inn ein hausteplattform som aukar effektiviteten i plukkinga av frukta monaleg.  Den krev mange personar i arbeid når den er i bruk, men ved god planlegging og samarbeid mellom fleire bruk slår dei "to fluger i ein smekk"; effektiv plukking og sosial og fagleg møteplass for gardbrukarane og familiane deira.  Kanskje dukkar det opp nye idear og samarbeidsprosjekt i arbeidsøktene?

Nytt plantefelt tilrettelagt for bruk av plukkeplattform. F.v. Endre Kleivland, styremedlemer i Vestland Bondelag Knut B. Hauso, Kari Sigrun Lysne og fylkesleiar Anders Felde. Heilt t.h. Thorleif Muller som er 1. vara til styret i Norges Bondelag.

Demonstrasjon av plukkeplattformen.  Det vil vere trong for å køyre mellom radene og hente inn kassane med frukta som vert sett av i bakkant av plattformen.  Dette kan vere ei utfordring i bratt terreng når vetlandsveret er meir nedbørsrikt enn sommaren 2021, fordi det då kan kome stor slitasje på grastorva, noko som kan gjere henne mindre køyresterk.

Styremedlem Knut Byrkjenes Hauso (t.v.) i triveleg prat med kårkallen Jostein Ølmheim som framleis er aktivt med i plukkinga.  Han set pris på den nye teknologien som er komen til gards.

Den yngre garde plukka epla i høgda medan dei som likar bakkekontakten best plukka nede i etterkant av plattformen.

Jamn storleik på epla i eit eldre felt med Summerred som skal fornyast