Sist å¨r har Granvin Bondelag mellom anna samarbeiodd med skyttarlaget om gjennomføring av skyteprøver.  Det vart vellukka og freistar til igjentaking.   Lokallaget i Granvin kunne vise til stor aktivitet gjennom året.  Nokon aktivitetar på eigen kjøl og nokon i samarbeid med dei andre laga i Voss.

Granvin er eit middels stort lag med kring 55 medlemer.  Bøndene i bygda har tradisjonar for å samarbeide om maskiner, men korte ideelle "arbeidsvindauge" gjer det vanskeleg å vere mange om ei maskin.  Å samarbeide to og to er gjerne nok slik vertilhøva er.  

Frå årsmøtet i Granvin Bondelag

 

Mange planar for 2023

Av nye aktivitetar på arbeidsplanen for 2023 står eit eige motorsagkurs for kvinner og jenter.  _ Da trur me skal verte skikkeleg bra, held Elvatun fram.

 

Styret i Granvin Bondelag 2022/2023

  • Leiar er Helena Elvatun
  • Nestleiar er Lars Ingvald Folkedal
  • Kasserar: Lars Even Brekke
  • Sekretær er Lars Terje Haugen
  • Studieleiar er David Inge Tveito

Det kan verke som Lars er eit mykje brukt namn i traktene kring Voss :)

Karane i styret flankert av f.v. leiar Helena Elvatun og heilt til høgre styremedlem i Vestland Bondelag Ole Bjarne Hovland.