Bondelaget har ein ryddeaksjon der lokallaga tar grep og ryddar både landbruksplast og anna søppel i nærområdet. Ofte er det i samarbeid med andre lag og organisasjonar. På Sørbøvågen vart det rydda i havneparken langs stranda og leikeplassen i tillegg til langs vegen. 

- Vi fann mykje spennande, både plast, kanner og mykje drivved som skal bli til jonsok bål, seier leiar i Fjaler og Hyllestad bondelag. Camilla Avedal Ulvik.

Etter arbeidsøkta vart det mat og drikke og gode samtaler.