Ringrev attende som leiar i Eid Bondelag
Knut Tore Nes Hjelle er attende som leiar i Eid Bondelag etter eit par års pause. Sist han var leiar, vart lokallaget mellom anna kåra til årets lokallag i Norges Bondelag.
Den nye leiaren i Eid Bondelag må seiast å vere ein svært rutinert og engasjert organisasjonsmann med stor kreativitet og arbeidskapasitet. Med seg i styret i Eid Bondelag dette komande arbeidsåret har han
- Nestleiar: Nicolai Åshamar
- Sekretær: Ina Herstad
- Kasserar: Åmund Starheim
- Studieleiar: Ola Ronny Melheim
- Skulekontakt: Mathilde Johnsen
Fylkeslaget ynskjer det nye styret lukke til med arbeidet.