Jordbruksoppgjeret er ferdig og den signerte avtala mellom partane, Småbrukarlag, Bondelag og regjering, skal samle fleirtal i Stortinget.  - Det ville vere respektlaust av Stortinget å overprøve eit samla landbruk sin signatur på årets jordbruksoppgjer., skriv fylkesleiar Anders Felde i sitt lesarinnlegg i avisa Nationen denne veka. nedanfor kan du lese heile innlegget til fylkesleiaren i Vestland. 

Alle utfordringar i Norsk landbruk er ikkje løyst med årets avtale, men eg håpar fleirtalet respekterer hovudfokuset i år; kostnadsdekning for alle typar bruk, og inntekts løft for det store fleirtal av bønder.


Diskusjonen kring sjølvforsyning og kraftfôrpris / prisnedskriving er interessant, men samtidig vanskeleg. Bakgrunnen for systemet med å skrive ned prisen på kornet etter at det er levert på mølla er enkel, det skal løne seg å levere kornet i staden for å nytte det til eigen husdyrproduksjon. Prisen på kraftfôr er også avgjerande for konkurransekrafta i dei kraftfôrkrevjande produksjonane og i mjølkeproduksjonen. Med den store prisveksten på kraftfôrråvarer internasjonalt fann ein ei løysing som i årets oppgjer først og fremst handlar om å halde kostnadane i Norsk landbruk nede, det skapar forutsigbarheit og betre lønsemd for bonden.

Bårdsgard viser i sin kommentar i Nationen 2. juni til at vi brukar 300 mill til å «sponse» kylling bonden, med importerte karbohydrat råvarer. Det er delvis riktig, men vi sponsar også ei pressa eggnæring med overproduksjon grunna nyetableringar og for svakt tollvern på industridelen, som gir små mogelegheiter for prisvekst på Norsk egg. Vi bidreg til eit lite pusterom for svinebonden, etter fleire år med marginal økonomi.  Vi sponsar også ein mjølkeproduksjon som i store deler av landet er avhengig av kraftfôr for å sikre ei «effektiv» mjølkekyr.  Det er tøft at nokre mjølkebønder i enkelte deler av landet produserer mais til mjølke- og kjøtt-produksjonen sin, men tru meg på at maisen trivst dårleg i Finnmark.  Ynskjer vi at distriktslandbruket skal henge med i produksjonen av mjølk og kjøt, so treng vi kraftfôret for å sikre ein framleis spreidd produksjon, og for å sikre konkurransekrafta i mjølk, kjøt og egg produksjonen. Det er også slik hos dei aller fleste bønder, uansett drøvtyggarproduksjon, at det mest lønsame er å framleis utnytte utmark og produsere gras framfor å nytte kraftfôr.

Det verkar som ein del tenkjer at berre vi gjer kyllingen dyr nok, so vil forbruket av lam auke betrakteleg. Som Vestlending med mykje sau i fjella, skulle eg sjølvsagt ynskje at dette var sant, men eg meinar nasjonale og internasjonale trendar, der vi et meir kvitt kjøtt, viser noko anna. 

Nøkkelen til auka sjølvforsyning er ein sterkare kanaliseringspolitikk som sikrar rett planteproduksjon på rett stad i landet, og viktigast, at bonden har lønsemd i produksjonen. Dessverre medfører dette at ikkje alle produksjonar kan vere like lønsame over heile landet.  Det blir ein litt tung øvelse landbruket MÅ gjennom. Skal vi lukkast med auka kornproduksjon til både mat og fôr, norske råvarer til den veganske marknaden, auka grøntproduksjon og ein vekst i frukt og bærproduksjonen, so må politikken vere målretta og sikre rett bruk av areala.  Arbeidsdelinga i norsk landbruk var/er ikkje like populært i alle deler av landet, men det har gitt oss ein større total produksjon av norsk mat.  Eit viktig element i dette er prisnedskriving på korn, difor vil dette vere eit riktig grep både på kort og lang sikt.  Distriktstilskot, høgare driftstilskot på ammeku i arealsone 5-7 er også eksempel på grep som bidreg til ein spreidd produksjon og betre arbeidsdeling til glede for norsk sjølvforsyning. 

Verda er i endring!  Klimaendringar, krig, sårbare matsystem, auka beredskapsfokus og eit sterkare ynskje om norskprodusert mat i den Norske befolkning. Kunnskapsbaserte og langsiktige grep i Norsk matproduksjon trengs. Skal ein lukkast med dette må ein få på plass ein heilskapleg landbrukspolitikk, og då trengs det truleg ei ny landbruksmelding. Vi treng ei melding basert på den framtida vi no er på veg inn i og som har oppsluttning både i næringa og på Stortinget, avsluttar Felde sitt innlegg med å poengtere.
 

Nøkkelen til auka sjølvforsyning er ein sterkare kanaliseringspolitikk som sikrar rett planteproduksjon på rett stad i landet, og viktigast, at bonden har lønsemd i produksjonen