Renate Rendedal held fram som leiar i Balestrand Bondelag
- Samarbeid med dei andre bondelaga, politikarar og administrasjonen i nye Sogndal kommune vert det viktig for oss å bruke tid på i det komande arbeidsåret, seier leiar i Balestrand Bondelag Renate Rendedal.
Elles så er beiteskade grunn mykje hjort eit tema som medlemene og vi i styret er opptekne av held Rendedal fram. Årsmøtet vart halde på Nessane. Møtet er mest truleg siste årsmøtet Balestrand held i Nessane, då Nessane går over til Høyanger etter års skifte.
Nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland representerte fylkeslaget i årsmøtet. Han kan rapportere om ein leiar som gjennomførte årsmøtet med stø hånd. Balestrand Bondelag hadde nytta mykje tid i samstyret for dei fire lokallaga i nye Sogndal kommune. Samstyret har hatt møte både med administrasjonen og politikarar i Sogndal kommune. I april arrangerte lokal laget kurs i varme arbeid il ag med landbruksrådgivinga med heile 40 deltakarar. Dei har også skipa til vårkampanje og skulebesøk for 8 klassingar, samt organisert container til ståloppsamling. Med andre ord mykje godt arbeid seier Ole Bjarne Hovland.
Styret i Balestrand Bondelag 2019/2020: F.v. Renate Rendedal (leiar), Lars Arne Målsnes (nestleiar), Oddvin Kvamme (styremedlem) og Trygve Sværen (kasserar).