LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Vi er svært godt nøgde med regjeringserklæringa som SP og AP presenterte i dag.

 Det seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

- Regjeringa forpliktar seg til å lage ein tidfesta plan for tetting av inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. Der er ein også tydeleg på at ein skal måle inntektsnivået til landbruket.

Felde fortel at det samtidig skal lagast ein plan for korleis ein skal nå målet om 50% sjølvforsyning korrigert for fôrimport (38% i dag).

 

Tydeleg beskjed

- Dette er ei klar melding til alle bønder om at det no kjem betre tider, og at garden dei sit på i dag også skal vere med inn i framtida. 

Felde er også glad for at erklæringa er tydeleg på at ein skal nytte handlingsrommet i tollvernet, noko som gjer moglegheiter for å heve råvareprisane.

- Erklæringa tyder på ei klar rettningsendring i norsk landbrukspolitikk. Ein er tydeleg på at ein vil «ramme inn» landbruket, og at styrken i norsk landbruk er at vi er mange bønder spreidd over heile landet.

Erklæringa er også tydeleg på at det skal på plass ein investeringspakke knytt til overgangen frå båsfjøs til lausdrift, allereie i statsbudsjettet for 2022.

- Dette er eit avgjerande grep for å sikre framtida til svært mange mjølkebruk i heile Norge.

Felde fortel at det er viktig at den nye regjeringa kjem i gang med arbeidet  slik at ein får ramma inn landbruket før jordbruksoppgjeret i 2022.

- Det er avgjerande at ein framtidig inntektsvekst ikkje forsvinn i overproduksjon og kostnadsvekst på mjølkekvote og jordleige. Vi har klare forventningar om at regjeringa allereie i 2022 leverer eit betydeleg inntektsløft for norske bønder.