Regelverk for bruk av salt til beitedyr i CWD sona er sendt ut
Mattilsynet sender i desse dagar ut informasjon om nødvendige tiltak for å senke risikoen for spreiing av den alvorlege hjortedyrsjukdommen CWD (Chronic Wasting Disease, skrantesjuke).
Regelverkset er sett fast i CWD-soneforskrifta. Føremålet med å sende ut informasjonen no ved beiteslepp er å minne beitebrukarane på kva vedtak som gjeld og å informere nye beitebrukarar i sona om regelverket. CWD-soneforskrifta finn de HER
Mattilsynet vuirderer tiltaka på salteplassane som svært viktige for å senke risikoen for spreiing av CWD-smitte. Vurderingane er forsterka etter fleire nye forskingsrapportar. Det er til dømes påvist prioar i jord frå salteplassar i Nordfjella. Det er dokumentert at det skjer endringar i jordsmonnet på og rundt salteplassar som kan forlenge "levetida" av prionar. Det er også dokumentertat oppkonsentrering av parasittar frå sau til rein skjer på salteplassar.
HER finn du utfyllande informasjon til beitebrukarane i CWD sonene 2023