Prioriter eit kurs i HMS
- Å ha ein gjennomgong av tryggleiken på gardsbruka våre for å redusere faren for skade er noko vi alle bør prioritere, seier leiar i Breim Bondelag Anders Felde i ein kommentar til at dei inviterer til kurs i HMS-arbeid tysdag den 20. mars på Fjordhestgarden
Kurset vert gjennomført frå klokka 11:00-14:00 tysdag den 20. mars. Pris for medlemer i Landbrukets HMS-teneste er kr. 1450,-medan pris ikkje medlem er kroner 2500,- Vidare kursopplegg er 6 t nettstudie og eit gardsbesøk på 3 timar. Påmelding til Connie Grindheim mob: 9710 9622. Kursinstruktør er Gry Ingvill Agjeld tlf. 90502184 - Henne kan du kontakte om du har nokon spørsmål vedrørande innhald eller andre ting, seier Felde. Gjennomført kurs er eit KSL-krav, så vi oppmodar alle bønder til å stille opp avsluttar Felde.