Positivt med Matamål
- Dette var staden for mange gode samtalar og gode smaksopplevingar , seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at han sist helg deltok på Matamål på Sandane.
- Eg meiner dette er ei tilskiping som har eit godt høve til å kunne formidle kunnskap om mat og mattradisjonar, ikkje berre i Nordfjord men i heile Sogn og Fjordane om tilskipinga vert utvikla vidare, held fylkesleiaren fram. Her har me som næring høve til å møta forbrukaren på ein positiv måte der me kan snakke opp matproduksjon i fylket, seier ein nøgd leiar.
Nokon likar å framstille landbruket som ein gjeng med sytarar, men tilskipinga på Sandane syner eit heilt anna bilete av kva næringa står for. - Eg ynskjer å gje ros til arrangørane for eit flott opplegg der maten er i fokus, men der ein også har henta inn mindre dyr for å gje barn og unge høve til å møte desse.
Lik Matamål på Fjesboka så finn du mange bilete