Omvikdalen Bondelag arrangerte plast-ryddeaksjonen langs Omvikdalselva, laurdag 8.mai. Vestland Bondelag utfordra lokallaga til å gjera ein innsats for å fjerna landbruksplast som hadde hamna på avvege, og styret i Omvikdalen bondelag var ikkje vanskeleg å be. – Vi ynskjer å vise at vi vil ta vår del av ansvaret, uttalte leiar Øyvind Sandvik.

Seinast i haust hadde TV2 eit innslag på nyheitene, der bøndene vart peikt ut som dei store plast-syndarane i elvane på Vestlandet. Dei heller utrivelege bileta var henta frå nettopp Omvikdalselva, eller Storelva som er eit anna namn på same elva. Etter laurdagens arbeidsinnsats, der både små og store bidrog med rydding på kvart sitt område langs elva, var det blitt betydeleg trivelegare å ferdast langs elva. 

Viktig med førebyggjande tiltak
Ein av dei som nytta føremiddagen til å vere med på dugnad, var bonden Johannes Hjelmeland. Med seg hadde han sonen Jonas, som ivrig plukka boss langs elvekanten. For Johannes var det viktig å bidra, for å vise at han, i likskap med resten, tek ansvar. Før plasten finn vegen ut i naturen, meiner Hjelmeland det er viktig å gjera førebyggjande tiltak. – Det er viktig at vi lagrar den brukte rundballeplasten på ein slik måte at vinden ikkje tek den med seg. Han trur mesteparten av landbruksplasten som er på avvege er lause plastbitar som heng på rundballane, og som til dømes lausnar under transport. – Tek vi oss tid til å stoppa opp og plukka dei med oss, så er mykje gjort, konkluderer Hjelmeland. 

Meir enn berre landbruksplast
Sjølv om det vart funne landbruksplast langs elva, kunne fleire av deltakarane fortelja at spesielt plastsekkar frå hushaldningane i dalen var ein gjengangar. – Det er ikkje uvanleg at eg finn ein 2-3 plastsekkar på avvege nedanfor huset dei dagane SIM har innsamling av plast, kunne ein av plastryddarane fortelja. Dette er også inntrykket til Hjelmeland, etter at dei hadde samla saman dagens fangst. – Vi fann vél så mykje anna boss langs elva, ettersom vinden fraktar det med seg slik at det blir liggjande langs vegetasjonen i elvefaret. Årsaka til at landbruksplasten gjerne får mesteparten av skulda er at den ofte er mest synleg, fordi den festar seg i tretoppar, på greiner og anna, forklarar Hjelmeland.

- Dersom vi alle passar på at bosset vårt ikkje hamnar på avvege, så kan ein spare seg for ein del ekstraarbeid, avsluttar Hjelmeland, som er positiv til liknande dugnadar, gjerne saman med andre lag og organisasjonar i bygda.
Etter endt arbeidsøkt samla dugnadsgjengen seg hos Brødskreppa for å oppsummera arbeidsdagen, og som seg hør og bør på ein dugnad vart det servert kaffi, saft og nysteikte bollar – til glede for liten og stor. 


Foto: Ørjan Hjelmeland Øvstebø

Foto: Ørjan Hjelmeland Øvstebø

Tekst: Benedichte Indergård Sandvik

Bilete: Omvikdalen Bondelag