8.mai samla medlema i Selje og Stadlandet Bondelag seg for å ha ein plastryddaksjon i sitt nærområde. - Det var ein kjekk dag der me fekk rydda mykje plast og samtidig vere litt sosiale saman, seier leiar i Selje og Stadlandet Bondelag, Svein Per Ervik. Etter dei var ferdige med ryddeaksjonen vart det sosialt samver utandørs, i tråd med smittevernsreglane. 

Både små og store var i aksjon for å få rydda vekk plast og anna boss som ikkje høyre heime i naturen. 

Gjengen hadde perfekt vêr for både plastrydding og grilling.