Per Inge Midtbø held fram som leiar i Norddalsfjord Bondelag
- Medlemene i Norddalsfjord Bondelag er ikkje mange, men dei er svært aktive og engasjerte, seier Nils Magne Gjengedal som representerte fylkeslaget på årsmøtet deira.
Noddalsfjorden Bondelag er eitt av tre lag i Flora kommune. Dei tre laga samarbeider tett gjennom eitt fellesstyre noko som er svært viktig for bondelagsarbeidet i Flora. - Det er kjekt å kome på lokallagsårsmøte der humøret og debatten er stort, seier Gjengedal. Usikkerheita kring ny politisk leiing av landet var sjølvsagt også til stades på dette årsmøtet, og nestleiar i laget Jan Arve Midtbø som representerer Venstre i Flora bystyre vart utfordra på å gjere ein jobb i eige parti for å sikre at skadeverknadene av blåblåpolitikk ikkje vert store.
Styret i Norddalsfjord Bondelag ser slik ut etter årsmøtet: Leiar Per Inge Midtbø, nestleiar Jan Arve Midtbø, kasserar.Magnus Andre Sundal,studieleiar.Else Juditt Eikevik,styremedlem Magne Eikevik og 1.vara Stig Asle Midtbø