Per Hilleren attvald som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag
- Det er ein krevjande jobb og vere leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, men også svært gjevande, og eg er både glad og audmjuk over å få lov til å ta til på mitt 6. år som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, seier ein glad Hilleren
Med seg i styret får han Kari Sigrun Lysne frå Lærdal, Lidvin Hage frå Utvik, Marit Flatjord frå Stardalen og Nils Magne Gjengedal frå Hyen. Kari Sigrun er ny i styret og vil med sin kunnskap om grøntnæringa kunne tilføre styret spanande og ny kunnskap. Geir Ole Ervik tek over plassen som 1. vara til styret etter Bjarte Myren frå Ikjefjorden.
Når nye kjem inn er det samstundes andre som vert takka av. Fylkesleiaren gav gode ord på vegen til dei som hadde sagt frå seg vidare teneste i fylkeslaget i denne runde, og som seg hør og bør i Bondelaget fekk dei både gåver og ein heimesnekra song med på vegen.