Parademarsj i Oslos gater
Opptoget vart ein suksess! Dei 80 hordalendingane var synlege og langt framme i toget. Stor innleving og gode slagord skapte merksemd. Mange langs gatene viste tommelen opp. Marsjen, som samla over 2000 deltakarar, var ei sterk markering for norsk matproduksjon.
Leiaren for heile organisasjonen vår, Nils T. Bjørke, heldt apell ved regjeringskvartalet. - I løpet av aksjonane våre, har lokallaga vist eit imponerande engasjement og stor kreativitet. Som til dømes i Kvinnherad, der lokallaga overleverte kua Synnøve til ordførar Synnøve (Ap), sa Nils.
- Eg vil takke alle som har stilt opp, både her i Oslo og på aksjonane i Hordaland. Utan det breie engasjementet og medlemmane sin innsats, hadde vi berre vore ein bleik skugge. No har vi verkeleg vist at vi duger, og det er ikkje dårleg å kunne tenkje tilbake på den dagen vi prega bybiletet i hovudstaden. Dette vil det går gjetord om, sa fylkesleiar Clara Hveem, før ho sette seg på bussen attende, vestover.
Sjå nokre av bileta frå opptoget: