På ferie til Dyrsku`n
Vidar Heggheim tok seg ein ferietur til Seljord – Sjå video.
- Moro å treffe folk og kjekt å sjå på maskiner, seier Vidar Heggheim.
Bonden frå Sogn og Fjordane ordna seg fri og reiste på Dyrsku`n for andre gong.
Heime i Naustdal driv han med mellom anna sau og hest.
- Eg brukar kjøpe litt ulike ting når eg er her. No har eg kjøpt litt innredning til hestane fortel han.
Sosialt
- Det sosiale betyr mykje, eg treff jo folk frå andre stader i landet her.
Vidare legg han til at han har sett fleire frå Sogn og Fjordane. I fylgje Heggheim har helga vore bra, med kjekke folk og fint vær.
Kjem du tilbake neste år?
- Vanskeleg å svare på, men det er i alle fall ikkje usannsynleg.
Sjå video med Vidar Heggheim her: