LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Eg er overraska og skuffa over kor mange avvik det vart funne under tilsyna.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

- Eg trudde at auka fokus på dyrevelferd og dyrevelferdsprogrammet på svin hadde løfta dyrevelferden.

Mattilsynet gjennomførte i 2021 og2022 ein landsdekkande tilsynskampanje for å kartleggje korleis grisane i Norge har det, og om regelverket vert fylgt. Dei valde ut cirka 600 tilfeldige gardar, og tilsyna dei gjorde synte store skilnadar i korleis grisane har det.

 

Oppdaga regelbrot

- Eg er særleg skuffa over avvika på sjuke og skadde dyr.  Her må næringa sette i verk tiltak snarast, seier Felde.

Det vart avdekka regelbrot i vel halvparten av dei inspiserte svinebesetningane.

- Veldig ofte gjaldt avvika regelbrot på for lite rotmateriale, og strø. I tillegg til for dårleg oppfølging av sjuke og skadde dyr. Bonden må sette av tid til å sjå til alle dyra, separere ut sjuke dyr og sette i gang tiltak.

Cirka 1 av 3 oppfylte ikkje krava til rotmateriale. Det vil seie eksempelvis høy, halm og andre ting grisen kan rote i. Cirka 1 av 4 oppfylte ikkje krava til strø. Dette påverkar velferda hjå grisane. Nesten 1 av 4 oppfylte ikkje krava til behandling av sjuke og skadde dyr.

- Dette må ha høgaste prioritet i svinenæringa framover, slår Felde fast.

 

Mange driv godt

- Tilsynsrapporten syner også at mange bønder driv med god dyrevelferd, og langt betre enn krava som blir stilt. Dette gler oss.

Felde har stor tiltru til at næringa framover vil løfte seg.

- Eg har meinar det er viktig at næringa, slakteria, Mattilsynet og Regjeringa no må prioritere rådgiving i svinenæringa, slik at alle driv i henhald til gjeldande krav til dyrevelferdsprogrammet for svin.