Opptekne av trasèval for E39 frå Skei-Byrkjelo
- Det er utfordrande å sameine trongen for ny veg med trongen for ikkje å bygge ned matjord på strekninga mellom Skei og Byrkjelo i grenseland mellom Sunnfjord og Gloppen, seier attvald leiar i Jølster Bondelag Geir Støfring
- Vi ynskjer ein ny vèg velkomen, men det må skje i ein trasè som øydelegg minst mogleg matjord.
Andre tema som opptek medlemene i Jølter er hjorteforvaltning, tillate akseltrykk på kommunale vegar, plastinnsamling, massedeponering til jordforbetring, samarbeid mellom ulike organisasjonar og korleis landbruket i Sunnfjord skal få sitt rettmessige fokus i den nye og samanslegne kommunen.
- Dei har nok å henge fingrane i også i Jølster Bondelag, seier fylkesstyret sin representant Nils Magne Gjengedal. Det vil vere viktig å prioritere sakene og ta tak i dei viktigaste sakene for medlemene til ei kvar tid.
Meteren vert overhalden når fotografen frå fylkesstyret stilte opp styret i Jølster Bondelag fotografering i litt dunkel belysning. F.v. Daniel Eikås, Jan Ove Flaten, Geir Støfring, Helge Torpe og Knut Harald Dvergsdal