Open Gard søndag på Støfring
Som ein del av Matamål-festivalen inviterte Panorama Samdrift og Sparebanken Sogn og Fjordane til Open Gard på Støfring i Jølster.
I klår og frisk haustluft kosa familiar og andre seg på Open Gard på Støfring i Jølster. Små barn set alltid pris på tradisjonelle Open Gard aktivitetar som køyring med trøtraktorar og høyhopping, og ikkje minst å helse på kyr og kalvar. Det fekk dei rikeleg høve til på Støfring søndag. Natursti og mjølkespannhalding var aktivitetar som engasjerte både store og små. Og ingen Open Gard utan god og tradisjonsrik mat. Kari Støfringsdal frå Fjordamattunet sytte føre at 300 natronkaker og sveler frå 20 liter røre fekk "bein å gå på"...