- Politikarane må ta innover seg den enorme verdien landbruket er for Kvinnherad, seier lokallagsleiar Olav Hjetland Bringedal til Kvinnheringen. Han legg til at Kvinnherad er ekstremt viktig for matproduksjonen i Hordaland, ettersom bøndene har fått behalda jorda. Han meiner at når produksjonen går ned andre stader i Hordaland, kan bøndene i Kvinnherad halde oppe produksjonen eller auke den.

Lokallagsleiar Tore Eikeland og styremedlem i Hordaland Bondelag, Kjetil Mehl meiner det er spesielt viktig at lokalpolitikarane har ein god dialog med bøndene i kommunen.

Les heile artikkelen i Kvinnheringen.

Leiar i Omvikdalen, Tore Eikeland, i artikkelen i Kvinnheringen