Nils Magne starta med å seie at lokallaget er Bondelaget sin viktigaste ressurs når det gjeld dagleg oppfølging av medlemmane. Som medlem i valnemnda har du ansvaret for å finne dei rette folka til å sitje i lokallagsstyret.

Han gjekk gjennom oppgåvene til valnemnda og snakka mykje om kven ein skal velje. Det er særs viktig at ein er ærleg om kva vervet inneber og kva ein forventar av den som skal vere med i styret. Det er uheldig med tillitsvalde som ikkje har tid til styrearbeid.

Nils Magne tok også opp godtgjering og utgiftsdekking, noko som vert praktisert forskjellig i dei ulike lokallaga.

Her kan du lese heile presentasjonen frå kurset.