Tema for møtet var "Korleis vil arealplanen påvirke deg og ditt nærområde, og korleis kan du påverka arealplanen?". Asle Andaas frå Os kommune gjekk gjennom oppbygginga av planen og forklarte ulike begrep.

Andaas nytta kommunen si eiga nettside og synte publikum kvar dei fant informasjon. Kommunen har laga ei eiga samleside for all informasjon om arealplanen, det var svært nyttig å få ein slik gjennomgang frå ein fagmann. Han synte også kartløysinga og dei ulike kartlaga, og delte tips for korleis ein kan orientere seg i kartet.

Publikum var aktive og fekk svar på spørsmål. Siren Tømmerbakke frå Bjørnafjorden landbrukskontor var også tilstades og svarte på spørsmål knytt til landbruk. Andaas minna om at fristen for å komme med merknad til planen er 13.09.

Leiar i Os Bondelag, Olav Botnevik, avslutta møtet med ei oppmoding om å vere aktive og gje tilbakemeldingar på arealplanen. Det er viktig for kva landskap vi vil ha rundt oss. Os-songen skildrar levande bygder og kulturlandskap, er det slik vi ha det i framtida  må vi gje tilbakemelding om det.

Tekst og bilde: Os Bondelag