Dei to laga, som er to av 4 lag i Voss Herad, gjennomførte årsmøtet sist fredag.  Møtet var lagt til Liland Gjestgjevarstad der dei hadde lagt vekt på å ha ei god sosial ramme kring møtet som vart kombinert med ein Bondepub i etterkant av dei formelle årsmøta.   Vel 40 medlemer møtte samt nokre frå bonde og småbrukarlaget! 

Årsmøta vart haldne kvar for seg før dei møtest for informasjon frå fylkesstyret og innleiing ved spydspissbonde på klima Leif Arne Lirhus.   Lirhus hadde ein presentasjon om det å vera ein spydspissbonde.  Alle vart oppmoda om å ta klimakalkulatoren i bruk!

Innleiing om det å vere spydspissbonde ved Leif Arne Lirhus. 

"God mat og drikke, quiz om Bulken i gamle dagar ( eller « Bolken» som me seier) og kjekk drøs uti dei små timar", skriv avtroppande leiar i Voss Bondelag Grethe Monica Haug.  Ho held fram som styremedlem i laget.

Triveleg saman

Nye leiarar i begge laga

Styret i Voss Bondelag f.v.: Knut Skjerve, Ragnhild Tennebekk Bjørke, Mads Stavrum, Bjørnar Nedkvitne, Grethe Monica Haug og Knut Gjøstein

 

3 av styremedlemene i BUlken og Evanger Bondelag f.v.  Hans Skeie, Njål Arne Forthun (leiar) og Eirik Røthe.  I tillegg sit Asle Mykkeltveit og Kjell Vassenden i styret.