I 2018 starta Bondelaget og Stiftelsen Lystgården pilotprosjektet ByBonden i Bergen. Saman med ei styringsgruppe har prosjektet vore utvikla til ein ressurs innan urbant landbruk i Bergen og regionen. Frå august 2022 vart ByBonden eit fast engasjement. Lystgåren tok over arbeidsgjevaransvaret frå Bondelaget, men Vestland Bondelag vil framleis vere involvert i arbeidet.

Den viktigaste oppgåva til Bybonden har vore å få fleire til å dyrke mat gjennom inspirasjon, kursing, nettverksbygging og rådgjeving. Bybonden er også med på å formidle kontakt mellom bynære bønder og byfolk og legg til rette for meir kontakt og samarbeid mellom by og landbruk. Ei anna stor oppgåve har vore å få skulane til å starte med skulehage.

Nye ByBønder i teamet

Dei nytilsette i ByBonden er Kristin Hermansen, Mari Beitnes og Katinka Kilian.

Kristin er utdanna gartnar, har jobba på Felleskjøpet dei siste sju åra og tar eit årsstudium i økologisk landbruk på deltid ved HINN. I Bybonde-teamet skal Kristin jobbe med urban dyrking og formidling.

Mari har ein master i sosiologi fra UiB, og masteroppgåva handla om rekruttering til landbruket. Ho kjem frå gard og har alltid vore opptatt av landbruk og landbrukspolitikk. Hennar oppgåve vert landbrukspolitikk og det sosialpolitiske rundt den berekraftige matproduksjonen.

Katinka er utdanna landskapsarkitekt, men har dei siste åtte åra jobba med å formidle dyrkeglede på Vestlandet. Ho driv med andelslandbruk og økologisk snittblomstproduksjon på Unneland i Ulvik. I Bybonde-teamet vil ho drive med kurstilbud innan matauk.

Ida Kleppe har vore tilsett som Bybonde sidan starten av prosjektet. Ho har gjort ein framifrå jobb og har utretta mykje for å få fram produksjon av mat og eit positivt syn på landbruket. Ho vert bonde på heiltid frå i haust.

Her kan du lese meir om Bybonden.