I 2018 starta Bondelaget og Stiftelsen Lystgården opp pilotprosjektet Bybonden i Bergen. Saman men ei styringsgruppe der mellom anna Statsforvaltaren er med, har prosjektet vore utvikla til ein ressurs innan urbant landbruk i Bergen og regionen. Lystgården har vore eigar av prosjektet og Bondelaget har hatt arbeidsgjevaransvar.

Ida Kleppe har vore tilsett som Bybonde sidan starten av prosjektet. Ho har gjort ein framifrå jobb og har utretta mykje for å få fram produksjon av mat og eit positivt syn på landbruket. Den viktigaste oppgåva til Bybonden har vore å få fleire til å dyrke mat. Ho driv med inspirasjon, kursing, nettverksbygging og rådgjeving. Bybonden er også med på å formidle kontakt mellom bynære bønder og byfolk og legg til rette for meir kontakt og samarbeid mellom by og landbruk. Ei anna stor oppgåve har vore å få skulane til å starte med skulehage.

Frå august 2022 vil Bybonden gå frå å vere eit midlertidig prosjekt til eit fast engasjement. Lystgåren vil overta arbeidsgjevaransvaret, men Vestland Bondelag vil framleis vere involvert i arbeidet.

I den nye samarbeidsavtala står det mellom anna at Vestland Bondelag og Lystgården skal samarbeide om å innfri målsettinga for Bybonden. Bybonden skal vere ein del av Bondelaget sitt nettverk og delta på møteplassar og ha kontakt med profesjonelle bønder der det er naturleg. Innafor målsettinga til Bybonden, skal han eller ho jobbe til det beste for dei profesjonelle bøndene. Bondelaget skal delta i styringsgruppa.

Ida Kleppe har kjøpt gard og skal verte bonde på heiltid, så etter sommaren vert det ein ny Bybonde.

Her kan du lese meir om Bybonden.