- Å gje seg i kast med nye ting kan verke både krevjande og frustrerande, seier klimakoordinator Frøydis Haugen. - På den nye nettsida kan du finne klimanyheiter, møte og kurs, kontaktinformasjon til rådgjevarar og informasjon om tilskot. I tillegg vil bønder som har starta klimaarbeid på gardane sine dele erfaringar og løysingar som andre kan ha nytte av.

Klimavest er det korte namnet for prosjektet, som også vil få ein Facebookside etterkvart. Målsetjinga for prosjektet er å gjere bøndene i Vestland i stand til å redusere klimaavtrykket frå matproduksjonen utan at det går ut over produksjon, arealutnytting, dyrevelferd og dyrehelse.

Jordbruket som ein del av løysinga

At klimaet er i endring merkar ein i heile landet, og kanskje særskilt på Vestlandet. Det vert oftare utfordrande hauste- og beitetilhøve grunna mykje og langvarig nedbør, lengre tørkeperiodar og ras og flaum som kjem oftare og sterkare enn før. Klimaet kan vere vanskeleg, og ettersom vêret vert våtare og villare, får vestlandsbonden fleire ulempe.

Klimaavtalen mellom regjeringa og jordbruket byggjer på at jordbruket er ein del av løysinga. Det har landbruket i Vestland tatt tak i, og hausten 2021 vart prosjektet "Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket" starta. Dette er eit treårig prosjekt som eit samla landbruk i Vestland står bak.

Her finn du nettsida Klimavest frå klokka 10.00 i dag.

Klimakoordinator Frøydis Haugen er prosjektleiar for Klimavest.