Nordavind frå alle kantar med gløtt av sol
- Vi må framsnakke bonden for det er berre han som gjer at vi overlever morgondagen gjennom sin matproduksjon, avslutta fylkesleiar Anders Felde i si tale til årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag i dag
Fylkesleiar Anders Felde hadde ein stor grad av alvor i si tale til årsmøtet i fylkeslaget, men han passa også på å løfte dei positive tiltaka som stadig skjer i lokallaga og i næringa vår. - Ja vi er ein ein situasjon med nordavind frå alle kantar, med glimt av sol, og da betyr at Norges Bondelag sentralt, fylkeslaga og lokallaga har mykje arbeid å gjere, held Felde fram.
Viktige hovudtema i tala var:
- Kanaliseringspolitikken må styrkast
- Kan vi leve med ein landbrukspolitikk som diskvalifiserer 15-30 kyrs bruket? Nei
- Marknadsordningar som nøkkel for distriktsbonden
- Beredskap
- Klima og Miljø - fotosyntesen og CO2 binding
- Eit landbruk over heile landet
- Rovviltpolitikk i ulage - endringar må til
- Lokallaga si viktige rolle i å samle bønder
Her kan du lese heile tala til Anders Felde i fylkesårsmøtet 2020