LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Dette er ein veldig god start for å sikre betre, og meir likeverdige konkurransevilkår i daglegvarehandelen.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag. Opposisjonspartia i Stortinget ynskjer å senke terskelen i konkurranselova for når ein aktør blir sett på som for dominerande.

- I dag vert daglegvarebransjen dominert av Coop, Rema 1000 og Norgesgruppen. Bondelaget er opptekne av at kjedene ikkje skal ha så stor makt i verdikjeda som det dei har i dag.

Opposisjonspartia ynskjer ikkje ei lovendring, men ei utfyllande forskrift med krav om at det skal vere sakleg grunn for innkjøpsfordelar.

- Vi håpar semja i Stortinget kan sikre ei meir likeverdig maktfordeling, seier Felde.

 

Viktig å kome i gang med tiltak

- Skal vi få gjort noko med den skeive maktfordelinga i verdikjeda i daglegvaresektoren, er det avgjerande med ei brei politisk semje kring tiltaka.

No håpar Felde at det vert gjort noko med den stadig aukande vertikale integreringa. Kjedene tek stadig sterkare posisjonar bakover i verdikjeda, og nærmar seg fjøsdøra. Det same gjeld distribusjon av daglegvare.

- Vi er også opptekne av at rabatten som blir gjeve kjedene i forhandlingar med daglegvarelevreandørane  fylgjer vara fram til forbrukarane.

Ifylgje Felde syner internasjonal forsking at bonden sin andel av prisane på varer i butikk går nedover.

- Det er avgjerande at politikarane tek grep for å snu denne utviklinga. Det er gledeleg å sjå at opposisjonen er utålmodige etter å kome med tiltak i daglegvaresektoren.

 

 

*Næringskomiteen på Stortinget har frist til 19.mai med å gje ei innstilling på tre ulike representantforslag om å begrense matvarekjedene si marknadsmakt.