No kan du bli med på mentorordninga i landbruket
Vil du som ny bonde eller bonde i ein utviklingsfase ha ein erfaren diskusjonspartnar? Eller er du ein erfaren bonde som kan tenkje deg å dele erfaring med andre? Då er mentorordninga midt i blinken for deg.
22.november var det samling på Skei for dei som har delteke på mentorordninga i 2019. Her fekk ordninga gode tilbakemeldingar.
Bønder i Sogn og Fjordane er invitert til å vera med i ei mentorordning, kalla "Bønder hjelper bønder" i 2020. Er dette interessant for deg, eller kjenner du nokon som kan ha interesse for dette?
Ordninga er nasjonal, og har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar.
Om ordninga
DELTAKARAR PÅ MENTORPROSJEKTET I 2019: Frå venstre mentor Per Gunnar Gilleshammer og Rolf Olav Gjørven.
Mentorordninga er ei ordning der ein inngår ein formell avtale med ein kollega, om å bistå som diskusjonspartnar i drifta. Mentoren må vera ein erfaren produsent innan tradisjonelt landbruk, eller andre landbruksbaserte næringar. Produsenten som får mentorhjelp må vera ny produsent eller ein som skal gjere store endringar i drifta.
Fristen for å melde seg på ordninga er 1.desember 2019.
Les meir om ordninga og påmelding her.
Mentorordninga fekk fart på plommeprosjektet.