Nils T. Bjørke kjem til fylkesårsmøtet
- Det er flott at Nils kjem til fylkesårsmøtet og vi håpar å få til ein god landbrukspolitisk debatt der leiaren i Norges Bondelag og landbrukspolitisk talsperson i Venstre, Pål Farstad deltek, seier fylkesleiar Per Hilleren.
Mykje står på spel for landbruket i fylket ved årets jordbruksforhandlingar, og mellom andre partiet Venstre vil ha ei nøkkelrolle i kva moglegheiter vestlandslansbruket vil bli gjeve for utvikling etter årets forhandlingar, held Hilleren fram.
Den første dagen av årsmøtet vil vi fokusere på innleiingar og debattar kring rammevilkåra for å kunne utvikle landbruyket i fylket. Vi vil også setje fokus på korleis landbruket kan få til eit tettare samarbeid med andre næringar i fylket. - Eg ser fram til to gode og hektiske dagar på Skei Hotell den 6. og 7. mars avsluttar Hilleren.
Program for fylkesårsmøtet kan du lese her.