I byrjinga av mai, midt i lamminga, vart vi med på eit litt utanom det vanlege besøk på Lavik Helse- og sosialsenter - Dette har eg gjort i mange år, og det er utruleg kjekt å sjå kva glede det gir dei som bur her, seier sauebonden Liv Helga Lammetun Nybø. Dei siste 10-15 åra har ho kvar vår tatt med seg eit lam og reist ut på besøk til dei eldre som bur i omsorgsbustadane i bygda. Denne dagen var bebuarane samla på aktivitetsstova so lammet fekk helst på alle der. - Nei så kjekt, tenk at me skulle få besøk av ein slik fin liten ein i år igjen, seier ei av dei som bur der. Lammet fann seg godt til rette på fanget der.  

Mange av bebuarane kjem frå gard og har sjølv stelt med både sau og andre dyr opp gjennom åra, og det tok ikkje lang tid før praten går og historiene frå ei heilt anna tid kom som perler på ei snor. Minner om støylsdrift, slåtten, hesjing, mjølking, flaskelam...det var andre tider då enn no. 

Mykje å utforske, og plutseleg var det visst ein tank som var full...må ein så må ein, så då var det berre å finne vaskefilla etterpå... :)

Sjølv om det vart eit lite uhell på golvet var det ikkje tvil om at det vart sett stor pris på besøket: - Nei dette er jo minst like stort som å få kongen på besøk, var dommen frå ei av bebuarane . Og då var det gjort - lammet har heretter gått under namnet Sonja. :)