- Naturmøteplassane er for alle
Sogn og Fjordane har 43 naturmøteplasser med solide bygg, der er det rom for både leik og læring.
- Ein naturmøteplass er eit område som er tilrettelagt for enkelt friluftsliv.
Det seier Hanna De Groot, prosjektleiar i 4H. Ho fortel at ein kan nytte stadane til ulike aktivitetar. Mellom anna kan ein klatre i tre, plukke bær, arrangere skileik og ake.
- Eit av måla våre er å få born til å verte glad i naturen, seier ho.
Folk set pris på naturplassane
- Plassane er godt besøkt av folk i alle aldrar og det er kjekt å sjå.
Naturmøteplassane er bygd av og for bygdefolket. Lag og organisasjonar samarbeider om å setje dei opp, ofte tek 4H initiativet.
- Mange trur at naturplassane er eksklusive for 4H -klubbane, det er dei ikkje. Dei er opne for alle, det er viktig å poengtere.
Ny nettside
- På den nye sida vår forsøker me mellom anna å samle aktivitetstips.
Planen er at den skal vera ferdig i juni.
- Dersom folk har råd, tips og ynskjer til nettsida, er det berre å ta kontakt opplyser prosjektleiaren.
For meir informasjon, klikk her.