På dagtid skal ho på ein rundtur i Nordfjord saman med Stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo og leiar og nestleiar i Vestland Bondelag.   Om kvelden inviterer Vestland Bondelag til ope møte på Nordfjord Hotel. 

Det vert arbeidd med ei ny Stortingsmelding om dyrevelferd. Innspill til dyrevelferdsmeldingen - regjeringen.no   Dette er eit viktig dokument som vedkjem alle med husdyr.      Norges Bondelag har kome med innspel til arbeidet i fleire omgangar:    Slik vil vi utvikle dyrevelferden - Norges Bondelag (bondelaget.no)

Sentral i dette arbeidet i Norges Bondelag er seniorrådgjevar og veterinær Anja Fyksen Lillehaug. 

OPE MØTE Måndag 19.02.2024 klokka 20:00 på Nordfjord Hotel på Eid

På kveldstid inviterer Vestland Bondelag medlemer i lokallaga i Nordfjord til eit ope møte på Nordfjord Hotel .  -Vi håpar mange medlemer vil ta turen til Nordfjord Hotel denne kvelden for ein dialog kring eit viktig tema, held fylksleiaren fram.     Mellom mange viktige tema denne våren er dyrevelferd og dyrehelse i høgste grad eitt av dei viktige tema.

HER finn de programmet for kvelden