Naturmøteplass på ein, to, tre!
4H-klubbane i Sogn og Fjordane har dei siste åra gjort stor suksess med bygging og utvikling av naturmøteplassar i fylket. No vert erfaringane delt på nettsida naturmoteplass.no.
- Naturmøteplassane er friluftsfolket sitt svar på ballbingar, smiler prosjektleiar Hanna de Groot.
I dag er det 44 naturmøteplassar i Sogn og Fjordane. Dei er bygd av 4H i lag med lokale samarbeidspartar. Gjennom det to-årige pilotprosjektet Møteplass: Naturen, har eit av måla vore å skape nye naturmøteplassar. Samt bidra med vidareutvikling av dei som allereie er etablert. Dette har resultert i mykje viktig informasjon, som no er lett tilgjengeleg.
- Naturmoteplass.no er laga etter dei behova som vi har møtt hjå dei frivillige i prosjektet. Innhaldet er konkret og forholdsvis enkelt å bruke, fortel prosjektleiaren.
På nettsida finn ein mellom anna inspirasjon til ulike naturmøteplassar, aktivitetstips ute og oppskrifter på turmat.
Stort potensiale
Som ein del av prosjektet, vart også konseptet Draumeplassen gjennomført i 2015. Det var ein konkurranse, der ein kunne sende inn forslag til naturmøteplassar. 19 bidrag kom, to av dei vart valt ut. Vinnarane fekk 50 000 kroner, prosjekthjelp og arkitekttjenester.
- Søknadane var mange og planane gode. Eg håpar det vert tilgjengeleg finansieringsordningar framover. Me kunne ikkje formidle pengar til alle gjennom Draumeplass-konkurransen, men vi veit at mange har planane liggande klare, seier Hanna de Groot.
Om du ynskjer å sjå nettsida naturmoteplass.no, klikk her.