Mykje folk på bokslepp i Førdehuset
I går kom boka " Stølane i Førde – frå fjord til bre" ut.
- Boksleppet var travelt og veldig moro.
Det fortel Berit Gjerland i Førde historielag.
- Heile festsalen i Førdehuset var full, dette gjekk verkeleg over all forventning.
Stolt
- Me er veldig nøgde med boka.
Gjerland fortel at boka er eit enormt dugnadsprosjekt som har teke lang tid . Difor var det rørande å sjå responsen i går.
- Mange vart overvelda over korleis boka faktisk var, eg kjenner eg er stolt over sluttresultatet.
Gode tilbakemeldingar
- Tilbakemeldingane har vore mange og positive.
No håpar Gjerland at folk set pris på boka.
- Eg håpar folk vil lese og kose seg avsluttar ho.