Møtte fram i hopetal
Landbruks- og Matminister Jon Georg Dale (Frp) fekk mykje å forsvare under møte på Skei 24.januar. 450 mennesker kom då jordbruksmeldinga skulle diskuterast.
LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.
- Dette er fantastisk, det er kjekt å sjå så mykje folk i salen. Vi sette fram 350 stolar, men det var langt frå nok.
Det fortel leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde. Han meinar det store oppmøtet syner både engasjemnet og missnøye med jordbruksmeldinga som kom 9. desember 2016.
- Den klamme handa som ligg over heile meldinga er ein kostnadseffektiv matproduksjon. Eg ser på det som ein trussel mot våre områder i tida framover. Vi er for eksempel avhengig av gode marknadsordningar.
I jordbruksmeldinga er det mellom anna forslag om å avvikle marknadsordninga på egg.
- Det kan bety «kroken på døra» for eggproduksjonen i vårt fylke, seier Felde.
Forstår ikkje kritikken
LANDBRUKS-OG MATMINISTER: Jon Georg Dale.
- Eg har registrert at Vestlandet har vore den delen i landet som har vore mest kritisk til jordbruksmeldinga, og eg forstår det ikkje.
Det seier Landbruks-og Matminister Jon Georg Dale. Han meiner han har lagt fram ei god melding.
- No fryktar Bondelaget mellom anna ei sentralisering av eggproduksjonen. Det som har skjedd med dagens marknadsordning, er jo i stor grad at det er blitt ei sentralisering. Over 50% av den totale egg-produksjonen ligg no i Trøndelag, Rogaland og i Østfold. Det syner faktisk at den ordninga Bondelaget forsvarar, har bidrege til ei sentralisering, seier Dale.
Det får Anders Felde til å reagere.
- 50% av produksjonen er samla i 3 fylker, men dei andre 50% er i resten av landet. Vi ynskjer grunna helsa til fjørfe, og kvaliteten på egga å behalde ordninga som den er i dag.