Motorsagkurs både i Gaular og Norddalsfjorden
- Sjølv om det var eit ufyseleg vær siste timen på dag 2, fekk vi mykje skryt for gjennomføringa og opplegget, og kursdeltakarane hadde stor utbytte av å ta kurset. Dette var også ein smittevernsmessig god måte å få ha aktivitet på, seier leiar i Gaular Bondelag Margun Myrmel Øren
- Vi fekk fleire påmelde enn det var plass til på kurset, så planen er å ta ei ny runde på nyåret, seier Myrmel Øren. Kurset vart halde av Arnt Laukeland og gjekk over 2 dagar, der første dag var innandørs under tak på låven til Ove Myrmel og 2. dag var i skogen til Ove Myrmel. Deltakarane fekk felle tre og utfolde seg på ein teig som skal hoggast ut pga vegbygging. Kurset i Gaular hadde 10 deltakarar i alderen 15 - 64 år.
Styret valde å legge vekt på at dei yngste medlemmane skulle prioriterast. Vi valde å dekke halve kursavgifta for medlemer under 20 år. Dette resulterte også i at vi fekk 3 nye medlemer seier ein nøgd lokallagsleiar.
Frå motorsagkurs i Gaular
Gaular Bondelag søkte Sunnfjord kommune om rentemidlar som er tiltenkt bruk innanfor skogbruk. Lokallaget fekk tilsagn om at rentemidlar dekka 50 % av kursavgifta for deltakarane. Lokallaget samarbeidde også med Lundegrend grendalag om gjennomføringa. Grendalaget hadde ansvar for mat til deltakarane på dag 2. Mat på dag 1 vart servert på dugnad frå medlemer i Gaular bondelag. Godt døme på samarbeid i ei bygd.
Kursdeltakarane i Gaular
Norddalsfjorden hadde også motorsagkurs i haust
I november inviterte Norddalsfjord Bondelag til motorsagkurs. Kurset vart ei fin og lærerik oppleving for deltakarane.
Deltakarane på kurset i Norddalsfjorden