Møte om grovfôrsituasjonen, Omvikedalen.

Stad: Dalheim ungdomshus, Omvikedalen.
Tid: Tysdag 14 august kl. 19.30.

Produsentlaget Folgefonn og Bondelaget inviterer til eit møte der ein set fokus på fôrsituasjonen me er oppe i nå.

Desse blir med:
Nortura: Bengt Egil Elve. Livdyrsalg og slaktetidspunkt.
FKRA: Sverre Vanvik. Kraftfôr i ei tid med lite grovfôr.
NLR: Helena Elvatun. Status grovfôravling og dyrkingsråd.
Tine: Svanhild Aksnes Botnen.
Bondelaget og Kvinnherad landbrukskontor blir også med.

Kom og få gode, velmeinte råd, informasjon og ein prat med andre som er i same situasjon.
Servering.
Vel møtt!

 

Invitasjon til ope møte om grovfôr- og marknadssituasjonen, Bømlo

Stad: Gilje skule, Bremnes, Bømlo. 
Tid: Onsdag 15. august, kl 19.30 (grillmaten er varm frå kl 19)
 
Kom å få gode velmeinande råd, innformasjon og prat om stoda i landbruket no midt i august.
 
Desse deltek med innlegg:
Runar Aga, Bømlo Bondelag "Korleis er stoda i Bømlo"
Kari Marie Njåstad, Tine "Grovfôrmangel – kva gjer me no"
Helena Elvatun, NLR Vest "Grovfôrsituasjonen"
Karluf Håkull, Nortura "Marknadssituasjonen"
Audun Økland, Fiskå Mølle "Kraftfôr ved lite grovfôr"
Njål Gunnar Slettebø, Bømlo kommune "Erstatningsordning for avlingstap"
Møteleiar: Leif Trygve Berge, NLR Vest
 
Grillen er varm frå kl 19
 
Vel møtt til alle interesserte.

 

Illustrasjonsfoto: Jon Ole Botnevik