Mobilisering for ysting
I haust vert det arrangert kurs for mjølkebønder som ynskjer å starte med foredling, og for folk som har lyst til å starte sitt eige handverksysteri.
AUD SLETTEHAUG: Ho håpar at mange melder seg på kurset.
- Målet er å hjelpe dei som går med tankar om å foredle eiga mjølk i gang med prosessen, idefase og kanskje oppstart.
Det fortel Aud Slettehaug, dageleg leiar i kompetansenettverket lokalmat vest.
- Me ser mogelegheitene for at fleire skal ha grunnlag for å foredle mjølk, og me ynskjer å samle folk.
Fyrste gong
FOTO: Ragna Kronstad.
- Det er fyrste gongen me arrangerer eit slikt kurs her, men det har vore gjort før både i Trøndelag og i Rogaland.
I fylgje Slettehaug vert det to samlingar i oktober, der ein får innføring i mogelegheiter som ligg i ysting av eiga mjølk, marknad, regelverk og litt kjemi.
- Siste samlinga vert på Ostegården i Fana i november, der skal vi yste i stort kar og sjå på eit fullskala mjølkeforedlingsanlegg med Eftagodkjenning. Jørn Hafslund starta ysteri på slutten av 90-talet og har både eiga mjølk og kjøper inn frå Tine.
Nøgd fylkesleiar
LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.
- Dette er eit bra og viktig tiltak, seier Felde.
Ifylgje Felde har Sogn og Fjordane lite bedarbeiding av kumjølk, og spesielt ost av kumjølk.
- Eg trur konseptet passar godt inn i fylket vårt. Her kan minde gardsbruk skape større arbeidsplassar, knytt til vidareforedling av mjølk.
Her finn du invitasjon og påmelding.