Jordskifteretten – til hjelp og avklaringar med naboen

Tips til deg som vurderer å krevje jordskifte eller som skal i jordskifteretten.

 Vi har gleda av å invitere alle medlemmer av Bondelaget til miniseminar fredag 8.oktober klokka 10.00-11.00.

 Kurshaldar er advokat og partner i Advokatfirmaet Harris, Børje L. Hoff. Han har lang erfaring med ulike tvistesaker.

 Nytt høve til å få meir kunnskap om korleis Jordskifteretten arbeider, truleg vil du få gode tips. Dersom du har konkrete spørsmål, kan dei gjerne sendast på førehand til vestland@bondelaget.no  Kanskje får du svar på akkurat det du lurer på. Under seminaret vil du også få gode praktiske eksempel frå Hoff si fartstid i Jordskifteretten.

Seminaret vert via video/Teams, og er gratis.

 Lenke for å bli med i seminaret blir sendt ut 7. oktober.

 Påmelding via Questbak på denne lenka innan 6. oktober