Midlar til investering i beiteområde
Midlar til investering i beiteområde er no lyst ut. Søknadsfrist er 15. mars, og fylkesmannens landbruksavdeling ber om at søknaden vert sendt til beitekommunen.
Formålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskot kan søkjast av lag eller foreiningar som driv med beitedrift og som skal investere i felles investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekter i beiteområder.
I hovudsak er det beitelag som kan søkje på dette tilskotet, men der naturgjevne eller driftsmessige tilhøve ikkje legg til rette for samarbeid har og enkeltbeitebrukarar også tilgang til å søkje på tilskotet.
Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beitebruken i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Eksempel på tiltak som kan vere aktuelle for tilskot:
Sanke- og skiljeanlegg
Bruer dimensjonert for dyr og folk
Sikring av skårfeste
Gjetarhytter/sankehytter
Diverse andre investeringar som til dømes driftsvegrydding, saltsteinsautomatar og elektronisk overvakingsutstyr.