Midlar til bedriftsintern opplæring
Vestland fylkeskommune utlyser 11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring for å imøtekome dei akutte behova for hjelp i næringslivet.
Tiltaket skal gå til bedrifter med låg aktivitet som følgje av Covid-19 viruset og oljeprisfallet, og kan ikkje nyttast til ordinær opplæring av tilsette. Midlane skal nyttast til opplæringstiltak i samband med planar for framtidig vekst eller tilpassing til nye marknadssituasjonar.
Verksemder kan få inntil kr 200.000 i tilskot. Ved samarbeid mellom fleire verksemder kan tilskotet overstige dette beløpet. Det er krav om eigeninnsats på 10 % av kostnadane for små og mellomstore verksemder (SMB), og 30 % for store verksemder.
les meir om vilkåra og korleis du kan søkje på Vestland fylkeskommune sine nettsider.