Særleg i indre deler av fylket og i fjellet er det knusk tørt.  Dette resulterer i at beitedyr kjem tidleg ned frå fjellet.  Dyra vil med det måtte ete av vinterforet.   Er du ein av bøndene som har svært reduserte avlingar i år grunna tørken bør du ta kontakt med kommunen din og melde inn signal om at du kan vere ein av dei som vil måtte søke erstatning etteravlingstap dette året.  Sjølve søknaden leverer du digitalt i Altin

Det er berre mogleg å søkje om avlingssvikt som grunnast klima eller avlingssvikt som skuldast mangel på arbeidskraft i grøntsektoren.  Vi er kjend med at nokon mangla arbeidskraft våren 2021 til m.a. å få gjennomført høgst naudsynt tynning i plommefelt.  Nålauget for å kome inn under ordninga er trongt.  Det er ein eigendel på 30 %, slik at avlinga må vere mindre enn 70 % av gjennomsnittsavlinga i vekstgruppa for å kunne utløyse erstatning.

Søknad om erstatning etter avlingssvikt

Søknadsfristen er 31. oktober, men det vil vere greit for kommunane og oss i Bondelaget å kunne danne seg eit bilete av situasjonen tidlegare.

 

Ei eiga arbeidsgruppe arbeider med gjennomgang av ordninga før jordbruksoppgjeret 2022.  Dette skjer med utgangspunkt i sist tørkesommar 2018 då mange opplevde at ordninga ikkje er god nok.