Kvart år forhandlar faglaga og staten om rammevilkåra for landbruket, og resultatet av forhandlingane er viktig for bøndene sin totaløkonomi. Før forhandlingane har lokallag og fylkeslag sagt sitt om kva for saker som er viktigast for deira region.

Mange av lokallaga har studiering med landbrukspolitisk tema der dei vert einige om viktige punkt til forhandlingane. Dei andre landbruksorganisasjonane vert også invitert til drøftingsmøte kvart år. Innspel frå lokallag og organisasjonar gir grunnlag for drøftingar i styret og den endelege uttalen som fylkeslaget sender til Norges Bondelag.

Bodhild Fjelltveit er 2. nestleiar og medlem i forhandlingsutvalet i Norges Bondelag og Anders Felde er leiar i Vestland Bondelag. Saman med organisasjonssjef Lars Peter Taule vil dei gå gjennom forhandlingane heilt frå studiering i lokallaga til oppgjeret med staten.

Møtet skal vere på bondelagskontoret på Kokstadflaten 36 i Bergen og startar klokka 19.30.