- Medlemskap gjer fordelar
Inge Brekke ynskjer at fleire sjekkar ut Landkreditt.
- Landkreditt er ein samvirke bank. Den er eigd og vert driven av bønder.
Det fortel Brekke. Han er årsmøteutsending for Landkreditt i Sogn og Fjordane, for 4. år på rad. Tidlegare har han vore vara.
- Dei er gode på landbruk og har bra villkår.
Landkreditt vart etablert som kredittforeining i 1915, med formål om å betre økonomi hjå medlemmane.I 2002 etablerte Landkreditt bank, og er i dag eit finanskonsern med bankprodukt, leasing og forsikring. Landkreditt rettar seg mot landbruk og personmarked.
- Gode ordningar
- Landkreditt Bank har store fordelar for dei som er medlem i Bondelaget. Ein får mellom anna 1,30% rente på heile beløpet, når innskotet er minst 100 000 kroner. Dersom innskotet er over 500 000 kroner, får ein rente på 1,80%.
Ifylgje Brekke er det ingen depotgebyr ved lån, samt at banken har gode villkår for eigarskifte.
- Banken er godt eigna for folk som skal overta eit gardsbruk. Dei veit verkeleg kva dei held på med, dessutan er det gunstig rente.
- Det er jobb å byte bank, men av og til er det verdt det. Ein kan spare mykje pengar på det.
Les meir om Landkreditt Bank her.