Med garden som klasserom
106 åttandeklassingar frå Førde ungdomsskule har vore på besøk på Mo og Øyrane vidaregåande skule si avdeling på Mo.
-Her ser de eit av klasseromma våre, sa lærar ved Mo og Øyrane vidaregåande skule Gert Runar Rørvik, og synte fram eit bilete av Mo-garden. Elevane på 8. trinnet ved Førde ungdomsskule har vore på besøk på Mo, og fått innblikk i utdanningstilbod, ressursar og produksjonar på garden. Besøket er ein aktivitet i prosjektet "Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane", der målet er å synleggjere moglegheiter og verdiskaping innan landbruksnæringa.
-Det kan vere vanskeleg for ein ungdom å velje kva utdanningsprogram ein skal velje på vidaregåande skule, seier Rørvik. Og mange tenkjer at ein først og fremst vert bonde eller får eit nært relatert yrke, som til dømes avløysar, ved å velje naturbruksutdanning. Gert Runar Rørvik forklarte ungdomsskuleelevane at dei held mange moglegheiter opne ved å satse på naturbruk. Du lukkar ikkje døra for for høgare utdanning, ved å velje Vg3 studieførebuande naturbruk og almenn påbygning, får du generell studiekompetanse.
Elevane fekk også prøve seg ute i "det store klasserommet"; garden. Her var dei delte i mindre grupper, og var gjennom dagen innom fagområda utmark, hagebruk, husdyr og hest. Vg2 elevar, saman med deira lærarar, hadde laga eit flott opplegg for åttandeklassingane. Om du ønskjer å lese meir om naturbruksutdanninga kan du sjå på desse nettsidene:
http://www.naturbruksskolene.no