Kjersti Hjelmeland sitt innlegg hadde eit stort alvor over seg frå ein situasjon ho kjenner godt på kroppen.  Valet om ei framtid med mjølk eller ikkje.     Nedanfor kan du lese heile innlegget som Kjersti heldt på Lillehammer.

Mjølkeproduksjon er berebjelken i Vestlandslandbruket og mange bygdar, den er viktig for verdiskapinga og sysselsettinga i Vestland fylke. I dei fleste fylka i Norge står mjølka for over 50% av verdiskapinga.  - Om vi greier å halda volumet oppe og behalde mjølka i der den er i dag vil vere avgjerande for «eit landbruk over heile landet», sa ei tydeleg Hjelmeland.

 

Arealet vårt ligg der det ligg og kan ikkje sentraliserast

I januar 2022 leverte 1009 bønder mjølk i Vestland, og etter NIBIO rapporten som kom i januar er framleis 70 prosent av driftsbygningane båsflorar.

Tal produsentar har dei siste 10 åra auka på ammeku, om lag likt på sau, men nærast halvert tal mjølkebønder.  Tal mjølkebønder vil forsetja å gå ned viser NIBIO rapporten. Innan 2034 vil over 40 prosent av produsentane slutta. Det er skremande tal, og detta må gjera noko med, held Kjesrti fram med tydeleg røyst.

Me vert heile tida målt på dyrevelferd. Og skal me ha god dyrevelferd i heila landet er me avhengige av tilgjengeleg vetrinærteneste utan alt for store avstandar.  Den svake veterinærdekninga i deler av landet truar tryggleiksnettet til bonden og kan gjere det mindre attraktivt å bli mjølkebonde.

Avstandane er store og bruka små, men dei er så utuleg viktige. For kvar ei bygd eller Grend som mister ein mjelkeprodusent er det eit tap!   Arealet våras ligg der dei ligg, og kan ikkje sentraliserast.

Kjersti fortalde vidare om livet som mjølkebonde og dei utfordringane ho som småbarnsmor møter kvar dag.  - Som bonde, og framleis driv i ein gamla bås flor så lurar me på, skal me ta «steget» å tørra investere i ny driftsbygning og ein meir fleksibibel kvardag?   - Me kjenner det på kroppen kvar einaste dag, me spring ikkje fort nok!  Som mor til 3 born under 10 år veit eg at me er me heilt avhengige av gode velferdsordningar.  Ungane spør ikkje kva tid det passar best å verte sjuk, eller måtte prøva planeggja svangerskap eller operasjonar, til kva tid det kan verta mogleg å få Landbruksvikar eller avløysar til floren ?    Det er ikkje lenger berre å få naboen eller ein anna kjenning til å ta floren.

Skal neste generasjons bønder ha lyst å overta , må fleksibilete, gode velferdsordingar , økonomi og fagmiljø vera prioriter i åra som kjem.

Me har ingen fleire mjølkeprodusentar å mista

Me treng kvar ein mjekeprodusent for både for produksjonene, fagmiljøa, beredskap og verdiskapinga i samfunnet. Eg har eit stort ynskje og oppmoding om at mjelkeproduksjonen vert prioriter høgast  i neste år jorbruksoppgjer, me har ingen  fleire mjølkeprodusentar å mista!